Utsmykking av Johanneskapellet

I fleire år har vi jobba med å gjere ferdig utsmykkinga av Johanneskapellet ved Valderøy kyrkje. Dette er bårekapellet i Giske kommune, og det blir nytta av folk frå alle øyane, i sorg og i glede. Det er eit vakkert bygg som særleg blir brukt i forkant av gravferder til eit siste farvel, og som gir gode rammer for denne delen av livet. Det blir også brukt til vigsel, dåp, konfirmasjonsarbeid, konsertar, utstillingar og barnesamlingar.

Utsmykking av Johanneskapellet

No har vi takka vere ei testamentarisk gåve fått frimod til å starte eit arbeid med utsmykking av kapellet. Kunstnar Olav Leon Roald har laga eit utkast og starta arbeidet med å legge farga glas i vindauga i kapellet. Glaset er munnblåst og kvar flate er unik. Motivet er frå soloppgang til solnedgang, passande for eit slikt bygg. Fargane har Olav Leon sanka frå himmelen rundt oss, alle døgnet sine fargar. Det er vakkert no og blir fantastisk når det blir ferdig!

Kostnaden på glasvindua er sett til totalt 750 000,- Per dags dato mangler vi kroner 51 000,- på å kome i mål. Vi er no i gang med å spørje privatpersonar og er svært nøgde med den responsen vi har fått hittil.

Ved ferdigstilling vil vi naturlegvis invitere sponsorane våre til å ta del i ei markering. Vi vil nytte lokale media, posters og offentleg takke for engasjement og støtte. Vi er sikre på at dette er eit verdiprosjekt som vil vere viktig for lokalsamfunnet vårt i fleire generasjonar!

 

Gåver mellom kr 500 og kr 20 000 kan trekkast frå skattepliktig inntekt i eit einskild år.

Kontonummer: 4202 46 23720

 

Innsamlingsnemnd

Louis Arne Nordstrand tlf: 911 07 027

Bente Rørvik Urkedal

Marit Vik

Turid Urkedal Valderhaug tlf: 450 65 380

André Sjåvåg tlf: 901 84 254

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"