Til konfirmanten og føresette
No nærmar det seg konfirmantleiren, som skal vere på Alværa kyrkje- og misjonssenter 14.–16. februar. Vi skal være saman med konfirmantane frå både Masfjorden og Sound. Vi som er leiarar gler oss til å bruke tid saman med dykk på leiren! Vi skal ha ein leirkveld med leik og moro, kjekke aktivitetar, gode samlingar og undervisning. Dei som vil, kan lese meir om leirstaden på alvera.no.
På søndag er det gudsteneste på Alvera kl.11.00 Familie og fadrar velkommen.
Ta med
På leiren må de ha med:
- Sengeklede (sovepose eller sengetøy). Alle må ha laken og putetrekk.
- Innesko
- klede til å vere ute i.
- Bytte klede
- Det du treng for å vere vekke ei helg (toalettsaker, handkle)
- Konf-logg
- Bibel
- Medisin om du brukar det.
- lommelykt🔦
Viktige retningslinjer
- Vi skal ha mykje felles opplegg på leiren, og det er forventa at konfirmanten deltek og har ei positiv innstilling. Vi lovar å gjere vårt beste for at alle skal trivast og ha det bra!
- Det er viktig å ha ein god tone med dei andre på leiren. Vis respekt for med konfirmantar og leiarar. Sei i frå til ein leiar om du treng aleinetid.
- Ikkje ta med nettbrett, datamaskin, høgtalar eller liknande. Slike ting treng vi ikkje på leiren, og dei kan verke forstyrrande. Skulle noko kome vekk eller bli øydelagt, tek ikkje kyrkjelyden ansvar for eventuell erstatning.
- Mobilbruk: Det er ikkje høve til å bruke mobil store delar av leiren. Laurdag frå kl. 18.00–19.00 er det mobiltid. Vi kjem til å samle inn mobilane og leggje dei på ein trygg plass.
- Vi anbefala alle å ha reiseforsikring mtp tap av mobil og private eigendelar.
- Energidrikk: Vi ønskjer ikkje at konfirmantane har med seg eller kjøper energidrikk.
- Rusmiddel: Det er ikkje tillate å bringe med, oppbevare eller bruke rusmiddel under leiren.
- Ved brot på dette vil vi inndra det aktuelle stoffet, varsle heimen, og ved alkoholbruk kan det føre til heimsending.
- Ved bruk av narkotika vil i tillegg politiet/barnevernstenesta bli varsla.
- Leiren er røyk- og snusfri.
- Kiosk og snacks: Det er ikkje kiosk på leiren, så om ein ønskjer noko ekstra, kan ein ta med litt snop/snacks.
Transport og oppmøte
- Alle som køyrer konfirmanten til leiren sjølv:
- Ikkje kom før kl. 19.00. Vi leiarar har mykje å førebu og treng tida.
- Frå kl. 19.00 er de hjarteleg velkomne!
- Søndag er det gudsteneste kl. 11.00. Familie, vener og fadrar er hjarteleg velkomne til å delta.
Ferjeruter
- Frå Oppedal: Går heil, ti på halv, og ti over halv.
- Frå Lavik til Oppedal: Går ti på heil, ti over, og halv.
Bussruter (søndagens ruter står heil til slutt av programmet)
Fredag:
18:00 – Matre
18:03 – Haugsvær kryss
18:07 – Kringla
18:15 – Instefjord
18:18 – Asheim
18:20 – Sætre
18:30 – Oppedal ferjekai
Program
Fredag
19:05 Vi kjem fram – innkvartering
19:30 Kveldsmat
20:30 Undervisning
21:30 Leirkveld (leik og moro)
22:30 Pause
23:00 Kveldssamling – Tidebønn
23:30 Ro og godnatt-prat
Laurdag
09:00 Vekking
09:30 Frukost
10:30 Undervisning
11:30 Uteaktivitet
13:00 Graut
14:00 Undervisning
15:00 Aktivitet ute/inne/fritid
16:00 Mellommåltid
16:15 Gruppesamlingar – førebu gudsteneste
18:00 Fritid/mobiltid
19:00 Middag taco
20:30 Leirkveld – leik og underhaldning
22:30 Kveldssamling
23:30 Ro og godnatt-prat
Søndag
08:45 Vekking
09:15 Frukost
09:45 Pakking/rydding
10:15 Øving
11:00 Gudsteneste – nattverd (Familie og fadrar velkommen)
12.00 Lunsj
12:30 Gå til busstoppet
12:54 Bussen går
Søndag frå Alværa kl. 12:54
13:00 – Lavik kai
13:30 – Oppedal ferjekai
13:32 – Sætre
13:34 – Asheim
13:35 – Instefjord
13:42 – Kringla
13:45 – Haugsvær kryss
13:47 – Matre