Å vere fadder

Fadderansvaret handlar om å vise omsorg for barnet og bidra i barnet si trusopplæring. Det er foreldra til barnet som spør nokon om å vere fadder, og det er ei tillitserklæring å bli spurt.

Å vere fadder

Fadrane skal vere vitne om at barnet er døypt med ein kristen dåp. Dei lover også å be for barnet og lære barnet å be. Dessutan skal fadrane hjelpe barnet til å verte kjende med bibelforteljingane og oppmuntre dei til å gå til nattverd.

Kvart barn som vert døypt, skal ha minst to fadrar. Fadrane må ha fylt 15 år og vere medlem av Den norske kyrkje, eller eit anna kyrkjesamfunn som ikkje forkastar barnedåp. Fadrane kjem i tillegg til foreldra, så foreldre kan ikkje vere fadrar. Fadrane vert ført inn i kyrkjeboka.
Namna på faddarane må vere klart til dåpssamtalen (møtet med prest), som er ei tid i førekant av dåpen. Minst to av fadrane må vere til stades ved dåpshandlinga.

Å vere fadder fører ikkje til sivilrettsleg plikt, som til dømes å skulle overta omsorgsansvar for barnet viss foreldra døyr, men mange tenker at å vere faddar er å kunne ha omsorg for barnet på mange ulike vis i oppveksten.

Vi ønskjer alle lukke til i den fine oppgåva med å vere fadder!

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"