Helgemesse 2024 i Hareid kyrkje

Hareid sokn byd inn til minnegudsteneste laurdag ettermiddag 2. november kl 16.00. Minnegudstenesta er ope for alle som ynskjer å minnast sine, også om du vil minnast nokon som ikkje var busett her i kommunen og er gravlagt andre plassar. Helgemessesøndag kl 11.00 er det gudsteneste og kl 19.00 arrangerer Hjørungavåg Brass sin tradisjonelle "Stille konsert" i høve Helgemesse.

Mange brukar tenne lys på gravene i høve Helgemesse. Foto: Hareid sokn

Helgemesse 2.-3. november i Hareid kyrkje:
Laurdag 2/11 kl 16.00: Minnegudsteneste
Søndag 3/11 kl 11.00: Helgemesse-gudsteneste
Søndag 3/11 kl 19.00: "Stille konsert" med Hjørungavåg Brass 

Helgemesse eller allehelgensdag er ein dag for minner, særleg knytt til dei som ikkje lenger lever hjå oss. I kyrkjene blir helgemesse markert første helg i november. Då blir det feira gudsteneste i kyrkjer over heile landet.  Vi inviterer denne helga til tre arrangement i Hareid kyrkje; minnegudsteneste, helgemessesøndags-gudsteneste og stille konsert med Hjørungavåg brass. I tillegg inviterer vi 4. trinn frå alle skulane på kyrkjebesøk. Då snakkar vi om vanskelege tema som død, sorg og gravferd. Dette tema står også på konfirmantane sin plan.

Minnegudsteneste 
Minnegudstenesta er ope for alle som ynskjer å minnast sine, også om du vil minnast nokon som ikkje var busett her i kommunen og er gravlagt andre plassar. Vi ynskjer å ære minnet til dei som er døde. Dei er ikkje gløymde. På minnegudstenesta denne laurdagen vil vi lese opp namna på dei som er døde i Hareid sidan sist Helgemesse. Det vil også bli song, musikk, skriftlesing, bøn og stillheit. Vi får kome med liva våre slik dei er. Vi samlast som eit fellesskap for å forsøkje ta del i kvarandre si sorg og sakn. Men vi vil også samlast om håpet som den kristne trua gir gjennom Jesus Kristus. Vi vil tenne lys for kvar av dei som har gått bort. Etter minnegudstenesta kan den som ynskjer det også tenne lys framme i kyrkja. Minnegudstenesta vert avslutta med stille musikk.
Alle er velkomne!

Arrangør: Diakoniutvalet i Hareid kyrkje. Gudstenesteleiar er sokneprest Lars Hartig-Tangedal.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"