Vi går saman på vegen - trusopplæringa i Hareid

Denne veka fekk Hareid sokn besøk av prost Ingeborg Matre og undervisningsrådgjevar Bente Wangensteen frå Møre Bispedøme, som var interessert i å høyre korleis trusopplæringsarbeidet gjerast i Hareid. Dei skulle vidare til dei andre sokna i prostiet etterpå. I kyrkja tenkjer vi at alle har ein plass i fellesskapet, kvar med si tru og sin tanke. Kvar med sine evner og anlegg. Vi ynskjer å gå saman med borna og ungdomen på trusvegen med alt det inneber av utfordringar, gleder og oppgåver.

Bak frå venstre: Sekretær & medarbeidar i trusopplæringa Eli-Sølvi Jønsson, prost Ingeborg Matre, kantor/organist Ida Teige, kyrkjelydspedagog Barbro Landmark, undervisningsrådgjevar Bente Wangensteen frå Møre Bispedøme, sokneprest Leidulv Ø. Grimstad. Forran frå venstre: kyrkjeverje Bente Andreassen Pilskog, og medarbeidar i trusopplæringa Anvor Sukka

Saman på vegen 0-18 år
Samhandling skap resultat, og samhandling og relasjonar er noko som Hareid sokn er opptatt av  både i lokalsamfunnet og elles. I vårt trusopplæringsarbeid, med aktivitetar for barn i alderen 0 til 18 år, ynskjer vi å vere med å skape gode verdiar med rett til å verte sett og verdsett.

Allereie ved døypefonten gjev kyrkja eit løfte om å støtte borna på trusvegen. Dette gjer vi ved å tilby undervisning på ulike alderstrinn.

Skule- og kyrkjesamarbeid
Tidlegare var det skulen og frivillige som sto for opplæringa saman med foreldre og fadrar, og kyrkja gav den siste oppfølginga med konfirmasjon. Skulen gjev framleis kunnskap om vår kristne arv og tradisjon, men har ikkje lenger ansvar som trusformidlar. Foreldre og fadrar er barnet sine medvandrarar og vegvisarar på trusvegen. No er det kyrkja som skal gje eit systematisk tilbod for alle fram til dei er 18. år. Staten har løyvd pengar til at dette no innførast i heile landet.

Hareid kyrkje ynskjer å legge til rette for at alle kan vere delaktige og kjenne seg verdsette. Borna kan ha ulike behov for tilrettelegging. Er det noko du vil at vi skal ta særskilt omsyn til for at barnet dykkar skal ha best mogleg ytbytte av samlingane, ber vi om at foreldra tek kontakt med oss.

24 ulike tiltak for born og unge i 2017
I 2017 gjennomførte vi 24 ulike tiltak med ulikt preg i løpet av skuleåret. Det er viktig å følgje både skuleruta og kyrkjåret. Vi har ikkje noko tiltak i løpet av skuleferier eller innklemte fridagar, vi brukar tida rett etter skuletid og ser at det fungerer veldig godt. Då hentar vi borna på skulen og tek dei med til kyrkje, bedehus eller utandørs. Dette gjeld og samlingar i krins, som igjen betyr at vi gjer same jobben 3-4 gongar i løpet av ei veke for å nå flest mulig born.

 

Her kan sjå dei ulike tiltaka i trusopplæringa i Hareid:
https://kyrkja.no/nn-NO/fellesrad/hareid-sokn/trusopplaring/

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"