Du kan førehandsrøyste digitalt ved Kyrkjevalet

Frå 10. august kan du for første gong førehandsrøyste digitalt i høve Kyrkjevalet.

Du kan førehandsrøyste digitalt ved Kyrkjevalet

Til hausten er det kyrkjeval, samtidig med kommune- og fylkestingval. I år er det første gong ein kan førehandsrøyste digitalt under kyrkjevalet til Den norske kyrkja. Dette kan gjerast frå 10. august og fram til 6. september (digitalt) og til 8. september (fysisk). Alle som er medlem i den norske kyrkja, og er fødd i 2008 (15 år) eller før, har stemmerett.
Digital førehandsrøysting gjer ein på heimesida til kyrkjevalet.no, ved å logge inn med BankID eller anna elektronisk id, både for det lokale soknerådsvalet og valet til bispedømeråd og Kirkemøtet. Hugs at det er hemmeleg val, så finn deg ein egna stad før du stemmer.


Lokalt sokneråd Hareid

Hareid kyrkje ønskjer å vere ei folkekyrkje som er til stade for bebuarane i kommunen, både til kvardag og fest, i sorg og i glede. Ved å legge til rette våre ulike aktivitetar og kyrkjelege handlingar midt i alt som er, kan vi tilpasse oss der vi ser at det kan vere nødvendig. Slik må vi følgje med i samfunnsutviklinga for å vere ei truverdig kyrkje. Dette får ein vere med på som medlem i soknerådet og får også samhandle ilag med ein stab som har lang erfaring i sitt arbeid.
 

Valstyret/soknerådet har vedtatt følgande listeforslag for lokalt sokneråd på Hareid:
1. Karsten Robert Kirkebø (1975), Hareid, 2. Sissel Anita Riise (1969), Hareid, 3. Leidulv Hareide (1953), Hareid, 4. Sissel Bakkely Knardal (1975), Hareid, 5. Stein Karstensen (1954), Hjørugavåg, 6. Marit Øien Sæverud (1957), Hareid , 7. Anne-Liv Holstad (2000), Hareid, 8. Elling Bjåstad (1973), Bigset, 9. Aud Helen Øvrelid (1995), Hjørungavåg, 10. Vibeke Rafteseth (1981), Bigset, 11. Marita Husøy Mork (1976), Hareid, 12. Elisabet Øvrelid (1970), Hjørungavåg, 13. Kristin Leirbekk Husøy (1992), Bigset, 14. Birte Mork (1996), Hjørungavåg, 15. Peter Teigene (1998), Hareid, 16. Trude Håkonsholm Lunaas (1989), Hareid (første gong publiert 21.03.2023).
 

Førehandsrøysting, lokasjonar og tidspunkt:
Kyrkjekontoret: 10.08. – 06.09. Tysdag-fredag kl 1000-1500
Hareid kyrkje, etter gudstenesta søndag 03.09. kl 1230-1330
Hadartun sjukeheim, etter andakta: Onsdag 06.09. kl 12.00-14.00

Digital førehandsrøysting:
I år er det for første gong mogleg å førehandsrøyste digitalt under kyrkjevalet. Dette kan gjerast i perioden 10.08.-06.09.2023, på heimesida til    kyrkjevalet.no

Slik kan du førehandsrøyste digitalt:
Digital forhåndsstemming i Kirkevalget - Den norske kirke (kirken.no)

 

Kyrkjeval måndag 11. september 2023
Kyrkjevalet er same dag som kommune- og fylkestingsvalet.

Hareid:                 Hareid kyrkjekontor        kl 09.00-21.00
Bigset:                  Bigset skule                    kl 13.00-19.00
Brandal:               Brandal Friskule               kl 13.00-19.00
Hjørungavåg:       Hjørungavåg skule           kl 13.00-19.00

Her kan du lese meir om Kyrkjevalet:

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"