Fest for vaksne og eldre på kyrkjelydshuset 20. oktober kl 18.00 - Hareidsstemna 2024

Vi inviterer vaksne og eldre til ettermiddagskaffifest på kyrkjelydshuset som ein programpost og avslutning på Hareidsstemna 2024. Søndag 20. oktober kl 18.00 på kyrkjelydshuset. Alle velkomne!

Sparebanken Møre er vår økonomiske støttespelar også i år. Biletet viser litt av maten under festen i 2023. Foto: Hareid sokn

Det skal vere ein staseleg fest med både song og musikk og ei god matykt med tid til å prate ilag.
Sparebanken Møre er støttespelarar og sikrar at vi kan servere gode kaker og smørbrød! Dei begrunnar si støtte som følgjer: "Vi ynskjer å verdsetje gode idéar og prosjekt som er med på å gjere lokalmiljøet vårt til ein attraktiv stad å bu og leve. Dette synes vi Hareid sokn bidreg til".
Dette vil glede og kjem mange tilgode. Vi takkar Sparebanken Møre for støtta også i år!


I programmet er desse med:
Gunn Berit Gjerde tek oss med inn i Mathias Orheim sitt liv og virke
Sissel Anita Rise og Trude Børjesson Sødal syng for oss og det gjer Barnekantoriet også.
Sokneprest Lars Hartig -Tangedal gir oss gode ord for kvelden og natta.
Allsongen vert leia av Ida Teige og programmet leia av Sissel Anita Rise.

Alle velkomne! 

 

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"