-Kyrkjefaget interesserer meg og eg trivast med forvaltningsansvar og opplever god respons på dei leiaroppgåvene og ansvarsområda eg har vore satt til å følgje opp. Eg ser fram til å starte i stillinga som kyrkjeverje på Hareid, seier Jostein Bildøy (58) opprinneleg frå Vegsund.
Han tek til i stillinga frå 5. mai. Bildøy har lang og variert erfaring både som kyrkjeverje og arbeid innan kristen organisasjonsverksemd, undervisning og styrearbeid. Han har siste tida vore kyrkjeverje i Fjaler sokn i Sunnfjord, eit vikariat som blir avslutta i april 2025.
Som kyrkjeverje skal Bildøy vere med å utvikle og leie arbeidet til kyrkja på Hareid, ein viktig leiarjobb med breidde i ansvarsområde og arbeidsoppgåver. Som kyrkjeverje blir han øvste leiar, med ansvar for personale, økonomi, administrasjon, gravplassmyndigheit og gravplassforvaltning, drift av bygg og anlegg. Han rapporterer til Hareid kyrkjelege fellesråd, som er arbeidsgjevar.
Bildøy er gift og har vaksne born. Han bur i Førde i Sunnfjord, og blir å vekependle. Han er van med å gå inn i nye roller etter å ha vore på reise og arbeidd i lokal kontekst i heile sitt yrkesliv både lokalt, regional, nasjonalt og internasjonalt.
-Det gleder meg at vi får på plass ny kyrkjeverje idet eg sluttar i stillinga, og at det ikkje blir ein periode i tilsettingsprosessen der ein ikkje har folk i stillinga, seier avtroppande kyrkjeverje, Bente Andreassen Pilskog. Ho har vore kyrkjeverje på Hareid i 7,5 år og tek no til i eit engasjement hos Andøya Space, i stilling som driftsleiar for eigedom og infrastruktur. Andøya Space er verdas nordlegaste permanente base for oppskyting av forskningsrakettar og framtidige satellittar. Vi takkar Bente for innsatsen ho har lagt ned i arbeidet på Hareid og ønskjer ho lukke til vidare!