Julekjensler

Jula er full av kjensler. Kjensler som heng saman med korleis vi har det i høve dei rundt oss – anten dei som er der, eller som ikkje er der. Relasjonane til andre styrer det meste av våre opplevingar. Det er eit grunnvilkår for oss menneske.

Sokneprest i Hareid, Lars Hartig-Tangedal, fortel om ulike julekjensler. Foto: Hareid sokn

Gjennom livet samlar vi med oss mykje ulikt. Dei heldige har gode barndomsminne om jul. Mange har høgst blanda minne. Dei færraste klarer vere urørt av dei forventningane som følgjer med jula. Dei forsterkar så mykje – både det gode og det vonde. Fråværet av den eller dei som 'det gode' var knytt til, blir ofte det vanskelegaste.

Mot alle våre forsvarsmekanismar som vi tyr til når det vert mykje sårt å takle, ber jula med seg det sterkaste verkemiddelet eg kjenner til: Det nyrigga, urørte og totalt opne blikket frå eit barn som enno ikkje veit kva vondt som kan møta livet. Dér vert i alle høve eg sett i ein modus som legg alt forsvar til sides. Kanskje gir det meg kontakt med at ein gong var eg òg dér? Kanskje vekkjer det instinktet mitt til å verje og hegne om det sårbare, skjøre, vakre? Kanskje gir det oss høve til å opne att dører vi hadde lukka når kulde trengte på – og høve til å kjenne at livet faktisk er mest levande når dørene inn og ut av sjela får stå opne?

Den Gud som forma oss, visste nok kva han gjorde når han valde å møte oss slik. At det er nett i dei møta som ikkje treng forsvar, at vi vågar både sleppe inn lys, og vågar oss ut av våre mørke gøymestader. Jula kjem med dette lyset. Dét er det som gjer at eg likevel tenker med godleik på julefeiring, midt i alt som kan gjere heile den store pakka rundt utfordrande. Gud vil oss vel – like ope og fritt som det blikket eit nyfødt barn deler med oss. Jula er full av kjensler, men berast av han som toler dei alle.

Ønskjer alle ei velsigna julehøgtid!

Helsing sokneprest i Hareid, Lars Hartig-Tangedal

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"