Kvinnenes internasjonale bønnedag 4. mars 2022

Ein gong i året arrangeres kvinnenes internasjonale bønnedag! I år blir dette i Ulstein kyrkje fredag 4. mars kl. 18. Karin Holt frå Bibelselskapet sentralt held andakta. Arrangementeet vert streama YouTube og Facebook (Ulstein kyrkje).

Kunstner: Angie Fox. Angie Fox er en kunstner som broderer og designer liturgiske klær. Hun vokste opp i Norfolk, der hun lærte å strikke og sy av moren. Hun har lært seg nye metoder innenfor håndarbeid og søm hele livet.
Klikk her for å lese meir om kvinnenes internasjonale bønnedag

Programmet er laga av kvinner frå England, Wales og Nord-Irland. Dei ønsker støtte til bibelarbeid blant barn og til studiemateriell til refleksjon etter pandemien. (Kollekt til Vipps 94418, merk KIB).
 

Bønnedagen markerast over heile Noreg

Kvinnens internasjonale bønnedag blei starta av kvinner i USA i 1887. Bakgrunn var nøden dei såg blant immigrantar og etterkomarar av slaver. Kvinner frå ulike kyrkjesamfunn samla seg om ein felles bønnedag for desse. Nokre år seinare blei det satt fokus også på dei globale utfordringane.

I dag har bønnedagen komitear i meir enn 170 land og regionar. Kvinnenes internasjonale bønnedag ønskja å knytte ulike raser og tradisjonar saman i eit tettare fellesskap, slik at dei får auka forståinga for kvarandre og betre kan hjelpe og støtte kvarandre gjennom bønn.

På den internasjonale bønnedagen ønskjer kvinner over heile verda å stadfeste si tru på Jesus Kristus og dele håp og bekymringar, gleder og sorger med kvarandre.

Internasjonal bønnedag

Bønnedagen (World Day of Prayer) er eit internasjonalt økumenisk prosjekt med komitéar i meir enn 170 land og regionar. I Noreg starta denne tradisjonen på slutten av 1920-åra.

I Noreg er det ein eigen bønnedagskomité som tilrettelegg for dagen. Bibelselskapet har tatt på seg arbeidet med distribusjon av program, samt rekneskap for den norske komiteen for bønnedagen og Norges Kristne Råd har nettsideansvar.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"