Rolla som kyrkjetenar og kyrkjgardsarbeidar er ei svært viktig rolle. Rolla skal syte for at kyrkja og kyrkjegard er i samsvar med standarden som gjer at desse framstår som verdig. Rolla skal og vere med på å sikre god og forsvarleg drift av kyrkja og kyrkjegarden og medverke til at dette er ein stad som vert opplevd som serviceorientert i høve dei som besøker kyrkja og kyrkjegarden.
Kyrkjetenar/gardsarbeidar er medlem av kyrkjelyden sitt kyrkje- og kyrkjegardsutval, som jobbar med kyrkjebygget, vedlikehaldsarbeid, inventar og drifta av kyrkjegarden.
Noverande kyrkjetenar/gardsarbeidar, Bjarte Sunde (64), skal redusere si stilling til ei 60% stilling frå 1. april 2019.
Jon Arnstein Haugen har allereie vore med på timesbasert gravearbeid i høve gravferder, men 1. april startar han opp for fullt. Hareid sokn er svært glad for å få Jon Arnstein Haugen med på laget og ønskjer han hjarteleg velkomen!