Dei frivillige er limet i vårt lokalsamfunn

2022 er Frivillighetens år i Norge. I kyrkjelyden vår er den frivillige innsatsen heilt avgjerande for mange av våre tiltak. Vi ønskjer å løfte fram dette viktige arbeidet, og inviterer gjerne nye til innsats. Ved å vere frivillig bidreg du til korleis nærmiljøet ditt skal vere, og korleis livet ditt skal vere.

Dei frivillige er limet i vårt lokalsamfunn

Dei siste to åra som pandemien har pågått, har vi ikkje gjennomført alt slik som vi ønskja og gjerne skulle gjort. Vi har tilrettelagt så godt det har latt seg gjere, tenkt nytt og kreativt og no håper vi på eit nytt år der vi saman med frivillige kan få vere med å skape gode aktivitetar og viktige møteplassar i vårt lokalsamfunn i Hareid kommune.

Frivilligheta sitt år er forankra i Regjeringen Frivillighetsmelding frå 2018. Då Kirkerådet i 2021 vedtok ei auka satsing på frivilligheit, passa det perfekt for oss i kyrkja som gjerne vil feire og anerkjenne den enorme innsatsen som mange frivillige medarbeidarar gjer hos oss.

Den norske kyrkja har valt 12. juni 2022 som sin frivillighetsdag. Dette skal vi markere også her på Hareid, men også gjennom heile året ønskjer vi å verdsette dei frivillige som er sjølve limet i eit lokalsamfunn.

Kontaktinformasjon Hareid kyrkjekontor:
Telefon 70095130
Epost: kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

 

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"