Det har vore litt tekniske utfordringar til Hadartun den siste tida, men vi jobbar for at dette skal løyse seg no straks. Håper dette straks er på plass.
Ikkje alle har høve til å kome til kyrkja søndag formiddag, og vi har gode sjåartal på våre digitale sendingar på facebook. Vi har likevel ikkje inntrykk av at det er færre som kjem fysisk til gudstenestane, men heller at vi når fleire med bodskapet. Det er sjåarar både lokalt, men også frå ulike stadar i Norge som ser på gudstenestane våre - enten direkte eller på anna tidspunkt. Også frå utlandet har vi sjåarar.
Dei 55 gudstenestane som blei direktesendt i 2024, er det i gjennomsnitt 80 som ser på delar (over 1 minutt) eller heile gudstenesta, tilsaman 1.325 sjåar-timar. Dette er kjekt å vite, følg oss gjerne!