Likar du å rydde og stelle i hage eller vere ute i frisk luft? Vi blir glad for å få hjelp på den store kyrkjegarden vår. Det er mykje som skal ryddast og stellast om våren, og vi blir glad for all hjelp vi kan få. Vi treng hjelp til å rake lauv, klippe småbusker, luke ugras, alt som veks treng stell.
Ta med eiga utstyr som: Arbeidshanskar, gjerne hekksaks, ugras-spade, grafse, rive og merk utstyret ditt med namn.
Ta gjerne kontakt med kyrkjekontoret, slik at vi kan skrive deg på deltakarlista. Vi skal utføre arbeidet i kontrollerte former og vil forholde oss til både lokale og FHI sine anbefalingar i høve dei spesielle tilhøva vi er inne i.
Håper vi sjåast!