Nødvendig vedlikehald av kyrkjeorgelet

Kyrkjeorgelet i Hareid kyrkje får regelmessig stemming annakvart år av orgelmeister Mathias Becker som også utfører tilsvarande arbeid på nokre av dei omkringliggjande kyrkjene. Sidan 2018 har det vore behov for ei større renovering av orgelet i Hareid kyrkje.

Med eit komande 150-årsjubileum for Hareid kyrkje (2027), at vi er ei kulturbygd og at kyrkja er ein viktig kulturaktør, er fellesrådet takksam for at kyrkjeorgelet no har fått det vedlikehaldet som var nødvendig og at instrumentet ivaretakast for framtida. Foto: Hareid sokn

Marginale midlar har gjort at arbeidet har blitt utsett i fleire år. Driftsåret 2023 utløyste midlar på disposisjonsfond, og det vart vedtak i fellesrådet (sak FR 09/24) om å prioritere vedlikehaldsarbeidet på kyrkjeorgelet. Planleggingsarbeid har vore gjort i tett dialog med orgelmeisteren og eit omfattande arbeidet vart utført i løpet av 4-5 sommarveker i 2024. Mellom anna hadde 23 piper så store skader at dei måtte transporterast til verkstad i Fredrikstad for omfattande reparasjon.

Nettokostnad kr 326.260, prosjektet utløyste momskompensasjon (mva kr 81.564).
I tillegg trengte nokre av pipene meir ventilasjon. Vår lokale handtverkar, Harry Røyset, fresa ut sprinklar i dørene, sette netting på baksida og mala frontane (sjå bilde nedanfor). Dette var etter dialog med orgelmeisteren som vart svært nøgd med resultatet. Dette er og eit viktig tiltak som er med på å ivareta orgelpipene som er plassert der.

Med eit komande 150-årsjubileum for Hareid kyrkje (2027), at vi er ei kulturbygd og at kyrkja er ein viktig kulturaktør, er fellesrådet takksam for at kyrkjeorgelet no har fått det vedlikehaldet som var nødvendig og at instrumentet ivaretakast for framtida.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"