Hareid kyrkjelege fellesråd søkjer:
Kyrkjelydspedagog - Hareid kyrkjekontor
I inntil 80 % fast stilling
Søknadsfrist: 12. desember 2024
Ønskeleg tiltreding: Snarast
I Hareid kyrkjelyd ynskjer vi å styrkje arbeidet blant barn og unge og søkjer etter ein person som får ansvar for undervisning i aldersgruppa 11-18 år, ungdomsarbeid og Ten-Sing. Stillinga vert i nært samarbeid med noverande kyrkjelydspedagog, som er leiande pedagog og som har hovudansvar for aldersgruppa 0-10 år og samarbeidet med barnehagar og skule. Trusopplæringa er godt utbygd, og kyrkjelyden fekk i si tid trusopplæringsprisen for arbeidet.
Kyrkjelydspedagog har kyrkjeverja som sin næraste overordna.
Vi tilbyr:
· Tett samarbeid med kollegaer i eit godt og kreativt arbeidsmiljø
· Å vere ein del av ein aktiv kyrkjelyd med mange engasjerte frivillige
· Gode utarbeidde og utprøvde planar for trusopplæringa
· Nybygd, lyse og moderne kontorlokaler
· Løn etter gjeldande tariff
· Pensjonsordning i KLP
Arbeidsområde:
· Administrere og utføre undervisninga i aldersgruppa 11-18 år, i samråd med andre tilsette.
· Samarbeid med skulane om undervisning av Tidslinja.
· Ansvar for ungdomsarbeid og Ten-Sing i samarbeid med Hareid KFUM/K
· Administrative oppgåver som ligg til arbeidet.
· Ein må rekne med kvelds-, helge- og høgtidsarbeid
Kvalifikasjonar:
· Utdanning innan kristendom/teologi og pedagogikk eller annan relevant utdanning.
· Ønskeleg med kristendom fagleg kompetanse og erfaring frå arbeid med born, ungdom og konfirmantar i kyrkjelyd.
· Søker må være medlem av Den norske kyrkja og arbeide etter kyrkja sitt trus- og verdigrunnlag.
· Den som vert tilsett er underlagt teieplikt
· Interesse og erfaring frå bruk av sosiale media og andre kommunikasjonskanalar
· Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personleg eigenskapar:
· Engasjert for arbeid med undervisning og trusformidling til born og ungdom
· Gode evner til samarbeid, planlegging og arbeide sjølvstendig
· Gode evner til formidling, kommunikasjon og relasjonsbygging
· Evne til å ta initiativ, vere kreativ, raus og inkluderande
· Personlege eigenskapar vert vektlagt
Nærare opplysningar får du ved å kontakte kyrkjeverje Bente Andreassen Pilskog tlf. 97612086 og/eller kyrkjelydspedagog Barbro Landmark tlf. 92090174.
Aktuelle søkjarar vil verte kalla inn til intervju.
Søknad med CV, og referansar sendast til kyrkjeverja@hareid.kommune.no
Attestar og vitnemål må takast med til eit eventuelt intervju. Det vert krevd politiattest av ny dato ved tilsetting.
Hareid sokn ligg i Hareid kommune på øya Hareidlandet. Vi har ei kyrkje og ein gravplass, og er ein aktiv kyrkjelyd der kyrkja er rotfesta i folket. Den verneverdige trekyrkja vår vart vigsla som kyrkje i 1877 og er eit kjært signalbygg i bygda vår.
Hareid kyrkjelyd har 3748 medlemmer (pr. 31.12.23), og har tilsett sokneprest, kantor, kyrkjelydspedagog, kontormedarbeidar, kyrkjetenar/gardsarbeidar og kyrkjeverje/dagleg leiar, kontorlokala er nybygd kontorfløy knytt til kyrkjelydshuset i sentrum av Hareid.
Vi ønskjer å vere ei opa og inkluderande folkekyrkje. Vi ynskjer at alle skal finne sin plass, enten dei er unge eller gamle. Saman kan vi bygge steg for steg, skape gode møteplassar for alle situasjonar i livet - med mål om å gi retning på trusvegen for folk. Hareid sokn er kjend for sitt omfattande trusopplæringsarbeid, med aktivitetar for barn i alderen 0 til 18 år. Mange av aktivitetane skjer i kyrkja som er i bruk nesten kvar einaste dag gjennom heile året.
Hausten 2019 overtok soknet bedehuset til kyrkjelydshus, sentralt plassert i sentrum av Hareid og like ved kyrkja. Huset brukast aktivt i høve ulike aktivitetar og til utleige, og ikkje minst skapast det ulike møteplassar her. Og i november 2022 flytta vi inn i heilt nytt tilbygg for kyrkjekontor, så no er både kyrkjekontor, kyrkjelydshus og frivilligsentralen vår under same tak. Hareid er ein ett-sokns-kommune som vil sei at soknerådet også har fellesrådsfunksjonar, og at det er dei same fokevalde som sitt i begge råda, med kommunal representant i tillegg i fellesrådssaker. Hareid sokn har 6 tilsette. Ein av desse er dagleg leiar i Hareid frivilligsentral, som soknet eig og driv. I tillegg til dei tilsette er mange personar frivillig engasjert i alle aktivitetane som skjer i soknet.
Meir informasjon om oss finn du på vår heimeside: hareid.kyrkja.no