40% stilling som organist/kyrkjemusikkar

Vil du bli ein av oss? Har du lyst på ein jobb eller eit engasjement i kyrkja? Heiltid eller deltid?

Til stillinga ligg speling i gudstenester, kyrkjelege handlingar og institusjonsandakter. Stillinga er knytt til alle dei tre kyrkjene/sokna i Herøy. Samarbeid om Tensing eller barnekor er eit ønskje.

Kvalifikasjonar:
Det er ønskeleg med høgskuleutdanning innan kyrkjemusikk.
Andre med anna relevant utdanning/bakgrunn er velkome som søkjarar
Du må ha ferdigheitar i klaver- og orgelspel.
Du må kunne leie allsong og vere open for ulike gudstenesteformer.
Vi legg stor vekt på gode samarbeidsevner.

Vi tilbyr:
Fastsett arbeidsplan som inkluderer helge- og kveldsarbeid
Ein triveleg arbeidsplass med støttande kollegaer.
Utfordrande og meiningsfylte oppgåver
Løn etter avtale og medlemskap i KLP

Anna:
Du må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil.
Den som får tilbod om stillinga, kan bli kravd for barneomsorgsattest (politiattest), jfr. Trussamfunnslova §20.
Kantor har det faglege ansvaret for det kyrkjemusikalske arbeidet og vil vere din faglege leiar.

Mogelege kombinertstillingar – kyrkjetenar/vaktmeister/arbeid med barn og unge/organist inntil 100%

Dersom du er allsidig og ønskjer å kombinere nokon av stillingane som er lyst ut er vi open for det. Ta kontakt med kyrkjeverje Birgitte Sævik Pedersen, tlf. 418 60 781, eller på e-post: birgitte.saevik.pedersen@heroy-kyrkje.no eller stikk innom kontoret dersom du er i nærleiken for ein prat.

Søknader med CV skal sendast til kyrkjeverja@heroy-kyrkje.no eller til

Herøy kyrkjelege fellesråd
Lisjebøvegen 1
6091 Fosnavåg

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Herøy kyrkjelege fellesråd

Herøy kyrkjekontor

Lisjebøvegen 1
6091 Fosnavåg

 

Opningstider

Kontor i Herøy kyrkje
Måndag — fredag kl. 9-15

Kontakt

Telefon 70 08 02 60  |  418 60 780
Epost kyrkjekontoret@heroy-kyrkje.no
Tilsette

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"