TV-aksjonen 2021: Barn, ikkje brud

TV-aksjonen går av stabelen 24.oktober og går til Plans arbeid for å kjempa mot barneekteskap i fem land.

TV-aksjonen 2021: Barn, ikkje brud

– Vi er utruleg glade og takksame for at Noregs største dugnad skal handla om kampen mot barneekteskap. Dette er ein av vår tids viktigaste jentesaker og eit av dei verste overgrepa mot jenter globalt, seier Kari Helene Partapuoli, generalsekretær i Plan International Noreg.  

Under aksjonsnamnet “Barn, ikkje brud” ønsker Plan å nå ut til tre millionar menneske for å få slutt på barneekteskap i dei landa der problemet er størst: Bangladesh, Nepal, Mali, Niger og Malawi.

– Med inntektene frå årets TV-aksjon skal vi styrka, verna og utdanna jenter for å unngå at dei blir gift som barn. Dette er spesielt viktig i ei tid der koronakrisa har svekt rettane til jenter ytterlegare. Vi skal støtta jenter som har gifta seg og vorte mødrer i ung alder, og dessutan skapa nye moglegheiter for jenter som har komme seg ut av ekteskap og står på berr bakke, seier Partapuoli.

Her kan du lesa meir om korleis pengane frå TV-aksjonen skal brukast.

Kvifor årets tema er så viktig

Hvert tredje sekund blir ei jente gifta bort ein stad i verda. Dette utgjer 12 millionar jenter i løpet av eitt år. Som ein ringverknad av koronakrisa, kan ytterlegare 10 millionar jenter bli gifta bort innan 2030. Kampen mot barneekteskap er derfor viktigare enn nokon gong.

Barneekteskap bremsar utvikling, held oppe fattigdom og hindrar demokrati. Jentene som blir gifta bort mistar ofte moglegheita til å gå på skule, og sjansen for at dei blir utsette for vald og overgrep aukar.

Saman skal vi gi jenter moglegheita til å velja si eiga framtid – og via seg til livet.

Les meir om årsaker, konsekvensar og kva Plan gjer for å kjempa mot barneekteskap.

Vil du vera med på den største dugnaden i verda?

blimed.no kan du lesa meir om årets aksjon og om korleis du kan engasjera deg.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Høyanger kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse

Marcus Thranesgate 3

6993 Høyanger

Vil du treffe oss?

Ring og avtal møte!

Org.nr NO 976 995 856

 

Postadresse:

Postboks 159
6991 HØYANGER

E-post: post.hoyanger@kyrkja.no

Tlf: 57 71 41 00

Telefontider:
Mandag, tysdag, onsdag og fredag:
kl. 09.00-15.00

Merk at vi kan sitje i møte og ikkje alltid kan svare!

Tilsette på kontoret:
Administrasjonssekretær: 
Renate Ørnehaug Dale
Kyrkjeverja: Stig Jonny Fitje
 
Prest: Andreas Ester
Diakon / prest: Inger Cesilie Fitje
 
Redaktør:
Kyrkjeverja

Profilbilder:  © Canthun Photogroup

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"