Utlysing kyrkjegardsslått

Me treng folk til å slå graset på kyrkjegardane i Strandebarm og Mundheim

Utlysing kyrkjegardsslått

Kyrkjegardsslått i Strandebarm og Mundheim.

Kyrkjeleg fellesråd i Kvam ynskjer pristilbod på slått av Strandebarm og Mundheim kyrkjegard for vekstsesongen 2025. Pristilbodet kan gjelda ein av kyrkjegardane, eller begge.  Vekstsesong er frå 1. mai til 30. september. Graset skal slåast når det trengs, og kyrkjegardane skal framstå som velstelte heile sesongen. Erfaringsmessig er slått ein gong i veka eit godt utgangspunkt. Vêrtilhøve, vekstforhold og  temperatur spelar naturlegvis også  inn.

Kyrkjegarden i Strandebarm er om lag 6000 kvm, og det er graver over heile kyrkjegarden. Arealet omkring kyrkjelydshuset, og mellom kyrkja og parkeringsplassane skal også vera med.  Plentraktor kan nyttast somme område, men vanleg skubbe-klippar er likevel nødvendig mange stader.  Graset treng ikkje samlast opp, men kan bli liggjande. Det er likevel viktig å seia at kyrkjegarden er ein viktig arena for rekreasjon og kvile – her ligg våre kjære gravlagde. Kyrkegarden skal difor til ei kvar tid vera velstelt, og dersom det har gått for lang tid mellom klipping, kan det bli nødvendig å fjerna det slåtte graset.

Det skal slåast inn til kvar gravstein/plantefelt, men pussing med kantklippar rundt kvar gravstein er ikkje nødvendig. Dette er den enkelte grav-festar sitt ansvar.

Gravplassen på Mundheim er på ca 1100 kvm, og også her ligg det mange graver. Alt arealet her ligg innanfor kyrkjegardsgjerdet.  Kyrkjegarden er såleis betydeleg mindre – men dei same reglane som for Strandebarm gjeld også her.

For begge gravplassane gjeld ein viktig ting: dersom slåtteutstyr gjer skade på gravsteinar, er tilbodsgjevaren sjølv ansvarleg ovafor grav-festar. Kvam kyrkjelege fellesråd er ingen part i eit slikt tilhøve.

TIlbod med fast pris på eitt eller begge desse oppdraga kan sendast innan 1. april til:

Kyrkjeverja i Kvam

Postboks 39

5601 Norheimsund

eller på epost: post.kvam@kyrkja.no

Ta gjerne kontakt om de ynskjer synfaring eller annan info!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"