KYRKJEKINO I ØYSTESE AVLYST PGA. SJUKDOM!
Kyrkjekino er eit arrangement for 7. trinn i kyrkjene i Kvam. Skuleåret 24/25 blir det Kyrkjekino i Norheimsund og Øystese. I Ålvik og Strandebarm blir fleire årskull slått saman, alt etter kor store kulla er. I desse kyrkjene blir Kyrkjekino kvart 2./3. år.
Vi ser filmen "Legenden om Narnia - løven, heksa og klesskapet".
Etter filmen blir det nokre aktivitetar med utgangspunkt i det filmen og bibelen har til felles. Snop og pizza står på menyen. Filmen har 11-års aldersgrense.
Øystese kyrkje: Laurdag 8. mars kl. 17.00 - 21.30 AVLYST PGA SJUKDOM!
Norheimsund kyrkje: fredag 14. mars kl. 17.00 - 21.30
Alle som er døypte får invitasjonen i posten, men alle - døypte eller ikkje - i rett alder er hjarteleg velkomne!
Me ynskjer ikkje at borna skal bruke mobiltelefon under filmen, dei blir samla inn når borna kjem til kyrkja. Borna kan låne telefon i kyrkja om dei treng å ringe heim.
OBS! Påmeldingsfrist tysdagen før arrangementet!