Her finn du info om Lys Vaken 2023. Nytt arrangement kjem hausten 2024.
Velkommen til Lys Vaken - overnatting i kyrkja!
Norheimsund kyrkje: for 5. trinn i Norheimsund og Strandebarm, 11. - 12. november.
Øystese kyrkje: for 5. trinn i Øystese og Ålvik, 18. - 19. november.
Alle 5. klassingane i Kvam er velkomne til å overnatta i kyrkja! Lys vaken starter lørdag kl.18, og me skal syngja, leika, læra om Jesus, ha godnattsamling i soveposane og mykje meir! Søndagen et me frukost i lag i kyrkja, og avsluttar med ei gudsteneste kl. 11 der heile familien din er velkomen
(Du kan sove heime, om du heller vil det).
Arrangementet er gratis!
Ta med: uteklede, innesko, nattøy, sovepose, liggeunderlag, toalettsaker, håndkle og eit tomt syltetøyglas. Dei som skal sove heime kan ta med eit teppe til soveposesamlinga kl. 22.30.
Hugs!! Dei som søv heime må vera tilbake i kyrkja seinast 9.30 på søndagen. Då skal me øva til gudstenesta og leika. Kom gjerne til frukost kl. 8.30. På laurdagen kan dei bli henta litt før kl. 23.00.
Velkommen! Me gler oss til å sjå dykk!
Invitasjon kjem i posten og annonse kjem i avisa. Born som ikkje er døypte eller medlem i DNK er også velkomne, men dei får ikkje personleg invitasjon i posten.