Velkommen til baysong - oppstart 24. mars

Velkomen til babysong i kyrkjestova ved Hauge kyrkje. Eit tilbod for alle babyer med foreldre/foresette i Lærdal. På babysong skal me synge songar, bruke sansane og leike med reglar. Nokon frå då me sjølve var små, og andre frå nyare tid. Song og leik, kos og nærleik er stikkord for babysongen. Me syng med dei stemmane me er utrusta med. For ditt born er det nemleg berre den stemma som gjeld.

To barn holdes høyt opp i været av sine foreldre. De er på babysang og opplever å være nært andre mennesker og bli kjent med kirken.

TID OG STAD

Frå babyen er i magen til mamma er den med i rytmar og lydar
gjennom dagen. Når babyen kjem ut i verda blir lydane og rytmane
litt annleis. Likevel kan den kjenne att mamma og pappa si stemme.
Det er det som er trygt og sikkert. Musikk er den fyrste
kommunikasjonsmåten me kjenner til.

Me startar opp med fyrste babysong torsdag 24. mars. Deretter følgjer
det samlingar annankvar torsdag i partallsvekene. Siste babysong
dette semesteret vert 19. mai. Hovudbasen vil vere i Kyrkjestova
attmed Hauge kyrkje.

Programmet ser slik ut:
11.00-11.30: Songstund
11.30-12.30: Lunsj og leik
I lunsjen vert det servert kaffe, te og noko godt attått.

Ta med eige underlag/teppe som babyen kan ligge på

PÅMELDING OG KOSTNAD
Påmelding blir lagt ut tysdag, to dagar før samlinga, i den private
gruppa «Babysong i Lærdal 2022» på Facebook. For
påmelding kommenter på gruppa eller send SMS til 977 90 771.
Pris er sett til kr. 150,- for heile opplegget. (Vipps ved fyste oppmøte)

Velkomen til song, leik og hyggeleg samvær.

Beste helsing,
Karoline Thyri, leiar for barne- og ungdomsarbeidet i Lærdal Sokn
Kontakt: 977 90 771 / kyrkje.fellesbruker@laerdal.kommune.no

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"