Bli med å klargjere gravplassane før sommaren. Ta med rive og anna utstyr du tenkjer du kan ha nytte av. Me har trillebår, nokre raker og søppelsekkar. Ta gjerne med kaffi og kaffimat. Kyrkjetenarene organiserer og er med i arbeidet. Treng du råd og hjelp i høve vedlikehald av gravminne kan dei spørjast om hjelp til dette.
Dugnadane vert desse dagane; 22.04 Tønjum gravplass, 29.04 Hauge gravplass og 06.05 Borgund gravplass. Ein startar kl. 17.00 alle dagar.