Utifrå ei samla vurdering av søkjararne, vedtok Lesja kyrkjelege råd å tilby Solfrid Kvarmestøl Grønbeck den ledige kantorstillinga i Lesja og Lesjaskog sokn.
Det er med stor glede vi no kan dele nyheita om at Solfrid har takka ja til tilbodet, og startar opp i stillinga den 1. september 2020
Solfrid er opprinneleg frå Ålvik i Hardanger, men har budd i Gudbrandsdalen i fem år. Familien på fire, snart fem, bur no på Sjoa, men er på utkikk etter hus i Lesja.
Vi gler oss til å bli betre kjent med Solfrid, og ynskjer ho velkomen til Lesja.