Dåp

Det er stort å få bere eit lite barn til dåpen! I Melandkyrkja har vi i dei siste åra nærma oss 100 dåp i løpet av året, og vi gler oss over at dei fleste vel å kome til kyrkja for å feire det nye livet, og legge det vesle barnet i Guds hender.

I kyrkja får familien ein vakker seremoni som feirer at eit lite barn er komen inn i familien. I dåpen trur vi at vi får del i Jesu frelsesverk og blir Guds born. Dåpen er difor ”inngangsporten" til livet saman med Gud. Den døypte blir medlem i ein lokal kyrkjelyd (menighet), i Den norske kyrkja, og Guds verdsvide kyrkje.  Dåpen er difor ”inngangsporten" til livet saman med Gud, og til å bli medlem i kyrkja.Vi feirar oftast dåp i samband med gudstenesta med heile kyrkjelyden til stades, men av og til er det så mange born som skal døypast at vi skiper til eige dåpsgudstenester. Her vil det normalt vere familiane til dåpsborna som utgjer kyrkjelyden, og desse seremoniane vil ha ei enklare form.For å få meldt opp til dåp må du gå til påmeldingssida, den inneheld oversikt over ledige dåpsdatoar og du kan legge inn alle opplysningar vi treng for å få meldt opp ditt born til dåp.

Bur de utanfor Meland kommune? De må merke følgjande: Ein blir medlem i kyrkjelyden der ein bur. Har de adresse i annan kommune, må de først sjekke ledig dato hos oss og registrere opplysningar. Så må de melde dåp i kyrkjelyden der de bur, og ha dåpssamtale der.Får du problem med påmeldinga, anten teknisk eller problem med tilgjengelege datoar: ring kyrkjekontoret tlf 56171480. Du treng eit fødselsnummer for registrere dåpen. Har du ikkje fått fødselsnummeret enno frå folkeregisteret - legg inn ditt eige, og så rettar vi det seinare. (Skriv gjerne at du har gjort det i kommentarfeltet.)                                                                                                                                                                                                     Dåpskjole til utleige: Meland kyrkjelyd har ein dåpskjole til utleige.Ta kontakt med kyrkjekontoret (56171480) dersom du vil leige den. Vi har også eit lokale til utleige. Sjå meir informasjon under Om kyrkjelyden.