Ein del pårørande bur langt vekke eller har vanskar med å få stelt grava av andre grunnar. På Meland kyrkjegard kan ein difor opprette avtale om at dei tilsette steller grava dykkar med jamne mellomrom. Det vert planta/pynta minimum tre gonger i året: vår, sommar, haust og jul.
Viss sesongen tillet det blir det første gongs planting til påske, og det er også i orden på grava til 17.mai og til sommaren, det vert planta haustlyng og lagt på eigenprodusert krans til jul. Plantefeltet vert ettersett, vatna og stelt.
Som pårørande kan ein inngå ein avtale om årleg stell og faktura, eller ein kan setje inn pengar på ein renteberande konto som det vert trukke av kvart år til det er tomt. Mange vel den siste løysinga, og i samband med skifte etter den døde vert det då gjerne sett av ein sum i eit gravstellslegat. Ta kontakt med kyrkjekontoret viss du vil inngå ein slik avtale, eller for meir informasjon. Pr 2017 er kostnaden for årleg gravstell kr 1875 inkl mva.