Store endringar for kyrkja i det nye året

Når vi går inn i 2017 fører det med seg store endringar for kyrkja. Banda til staten vert friare, og kyrkja er no eit eige rettsubjekt. Samstundes er dette året også året der vi markerer at det er 500 år sidan reformasjonen

Store endringar for kyrkja i det nye året

Kjære kyrkjelyd Vi har gått inn i eit nytt år. 2017 er eit merkeår i historia til Den norske kyrkja. Det er 500 år sidan Martin Luther formulerte sine 95 teser mot avlatshandelen, noko som vart starten på reformasjonen og førde til omfattande endringar i kyrkje og samfunnsliv. Reformasjonsjubileet vert markert på mange måtar i kyrkjene i løpet av 2017 og gjev høve til fornya merksemd om det sentrale i kristen tru.

1. januar 2017 skjedde den største organisatoriske endringa av Den norske kyrkja sidan reformasjonen, eit tydeleg skilje mellom stat og kyrkje, slik dei statlege styresmaktene uttrykkjer det. No er ikkje lenger biskopar, prostar og prestar embets- eller statstenestemenn. Kyrkjerådet og bispedømmeråda er ikkje lenger statlege forvaltingsorgan. Kyrkjemøtet har overteke mykje av den makta som tidlegare låg i statsforvaltinga, og er det øvste representative organet for det nye rettssubjektet Den norske kyrkja.

Det siste hundreåret har staten overført stadig nye ansvarsområde til organ for Den norske kyrkja. I 1920 fekk vi sokneråd, deretter følgde innføring av bispedømeråd i 1933 . I 1934 vart Bispemøtet formalisert og i 1984 vart Kyrkjemøtet oppretta, Ny kyrkjelov som blant anna regulerer tilhøvet mellom kommunen og sokna, kom i 1996 og dei kyrkjelege fellesråda vart oppretta. Som ein konsekvens av grunnlovendringane frå 21. mai i 2012 er Den norske kyrkja no eit sjølvstendig trussamfunn og eige rettssubjekt med Kyrkjemøtet som øvste organ.

Prestar, biskopar, tilsette ved bispedømmeråd og dei nasjonalkyrkjelege råda har vore embets- og statstenestemenn fram til 1. januar 2017. Alle desse, omkring 1600 tilsette, er frå og med 1. januar overført til det nasjonale rettssubjektet Den norske kyrkja.

Den norske kyrkja er skriven inn i grunnlova i paragraf 16: Den norske kirke, en evangelisk-luthersk kirke, forblir Norges folkekirke og understøttes som sådan av staten.

Kallet til kyrkja og kyrkja si oppgåve overfor folk og land vert vidareført. Vi skal framleis fylla oppgåva som Norges folkekyrkje. Med endringane i grunnlova i 2012 og overdraging av verksemd frå 1. januar 2017 endrar vilkåra seg for Den norske kyrkja. Men verksemda til kyrkja og det lokale kyrkjelege nærværet vert ikkje endra. «Meir himmel på jorda» er visjonen til den norske kyrkja. Ved dette forstår vi oss som ein del av Kristi rørsle på denne jorda. Gjennom ord og handling skal vi formidla Guds kjærleik gjennom Jesus Kristus like til jordas ende.

Må Gud velsigne dette året vi no går inn i. Må Gud velsigne kyrkja og gje oss kraft og kjærleik til å vera vitne om Guds nåde

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Meland kyrkjelyd

Kontoradresse:
Havnevegen 31
5918 Frekhaug

Kontonr: 3632 07 04019

Vipps: Meland kyrkje - offer: 54016

Gåve til Kontakt (kyrkjeblad): 59301

Postadresse:
Boks 117
5906 Frekhaug

Org.nr: 976 995 406

Trefftid:
Mandag: 12.00-15.00
Onsdag: 12.00-15.00
Fredag: 12.00-15.00

Telefon: 56 17 14 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"