Kirken.no bruker såkalte cookies til trafikkmåling og optimalisering av innhold. Hvis du klikker «Jeg forstår, lukk meldingen» aksepterer du at vi bruker cookies på sidene. Vil du vite mer om cookies, trykk «les mer».

Jeg forstår, lukk meldingen

Les mer

Fasteaksjon søndag 18. mars 2018

Gåturen som reddar liv. I år kan nye menneske få hjelp når Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon vert arrangert i heile landet 18.-20. Mars. I Meland foregår aksjonen søndag 18. mars og konfirmantar frå Meland deltek. Ta vel imot våre konfirmanter i Meland søndag 18. mars!

Folk på flukt fra Boko Haram og Kongo er blant dei som akkurat no drar nytte av pengane frå fjorårets Fasteaksjon. I år kan nye menneske få hjelp når Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon vert arrangert i heile landet 18.-20. Mars. I Meland foregår aksjonen søndag 18. mars og konfirmantar frå Meland deltek. At ein bøssebærar bankar på døra er eit sikkert teikn på at det snart er påske. Den årlege Fasteaksjonen vert i år arrangert for 51. gang, og går som vanleg til Kirkens Nødhjelps arbeid i over 25 land rundt om i verda. Sentralt står arbeid med vatn, hygiene, toalett og traumebehandling. «Ja, vi elsker dette vatnet» er temaet for årets aksjon, og det er ikkje utan grunn at vi prioriterer vatn i arbeidet vårt. Skule og helse er viktig, men utan reint vatn vert elevane sjuke og helsetilbudet overbelasta av menneske med vassrelaterte sjukdomar. Difor fortset vi å gje folk reint vatn, seier generalsekretær i Kirkens Nødhjelp, Anne-Marie Helland.Pengane som kjem inn frå Fasteaksjonen gjer Kirkens Nødhjelp høve til å reagere raskt i kriser, og er dermed med på å redde liv. I år har organisasjonen brukt pengar frå Fasteaksjonen til å hjelpe folk som blant anna er på flukt frå Boko Haram og eit kriseramma Kongo.Kvart år får vi høve til å gjere noko for andre som bur langt unna oss, og som manglar noko av det mest grunnleggande, slik som vatn og ein stad å gå på do. Vi meiner dette også angår oss her lokalt, og difor deltek vi i årets Fasteaksjon, seier diakon Ruben Sæle ved Meland kyrkjelyd. Ta vel imot våre konfirmanter i Meland søndag 18. mars! Det vert høve til å støtta opp om aksjonen ved å gje i bøsser, men også ved å sende et valgfritt beløp via Vipps til 2426, eller ved å sende SMS med kodeordet GAVE til 2426 (200 kr)..

Kontaktinformasjon for Meland kyrkjelyd

Kontoradresse:
Havnevegen 31
5918 Frekhaug

 

Kontonr: 3632 07 04019

Postadresse:
Boks 117
5906 Frekhaug

 

Org.nr: 976 995 406

Trefftid:
Mandag: 12.00-15.00
Onsdag: 12.00-15.00
Fredag: 12.00-15.00

Telefon: 56 17 14 80