Fellesskapsettermiddag for husgruppene i Meland kyrkjelyd

Meland kyrkjelyd inviterer til fellesskapsettermiddag i Nordgardsløa for deg som går i ei husgruppe knytt til kyrkjelyden og for familen din. I tillegg er du som er nysgjerrig på eller ønsker å bli del av ei husgruppe hjarteleg velkommen.

Fellesskapsettermiddag for husgruppene i Meland kyrkjelyd

Sosialt fellesskap, mat, musikk og inspirasjon er stikkord for den halvanna timen vi er samla. Vi startar med mat kl. 13 slik at du kan kome direkte frå gudsteneste. 

Det blir KORGFEST, så du tar med eit valgfritt bidrag, nok til deg og dei du kjem saman med, og så lagar vi saman eit godt måltid. Eksempel på bidrag er pastasalat, foccacia, pizzasnurrar, spekemat, pølser, påsmurte rundstykke osv. Eller kva enn du ønsker å kome med!

Det vert lagt opp til eit enkelt opplegg for born etter måltidet, ute eller inne, avhengig av veret. For dei vaksne blir det etter maten ei samling der du skal få eit innblikk i dei ulike husgruppene, få høyre eit inspirerande innlegg om husgrupper og få lytte til song og musikk. Vi håpar også at du som ikkje enno har ei gruppe kan bli inspirert til å bli med i ei. 

Ta med deg familien din og kom! Og inviter gjerne nokon du kjenner som ikkje er i ei husgruppe enno :-) 

Kontakt husgruppekoordinator Stine Karin Sæle på stine.saele@melandkyrkja.no dersom du har spørsmål om fellesskapsettermiddagen eller husgrupper generelt.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Meland kyrkjelyd

Kontoradresse:
Havnevegen 31
5918 Frekhaug

Kontonr: 3632 07 04019

Vipps: Meland kyrkje - offer: 54016

Gåve til Kontakt (kyrkjeblad): 59301

Postadresse:
Boks 117
5906 Frekhaug

Org.nr: 976 995 406

Trefftid:
Mandag: 12.00-15.00
Onsdag: 12.00-15.00
Fredag: 12.00-15.00

Telefon: 56 17 14 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"