Meland møter Myodani

Dei er ikkje så mange, og heller ikkje så unge dei som møter til gudstenesta i Myodani denne søndag ettermiddagen seint i september. Men dei løftar i flokk gjennom god felles salmesong, og dei har tid til ein munter drøs under kyrkjekaffien etterpå

Meland møter Myodani

Sju japanarar, av dei fem kvinner og to menn, er til stades på gudstenesta 23. september – i tillegg til to norske. Åshild Bjørkum Furukawa frå Meland forkynner Guds ord til forsamlinga.
For ein nordmann som ikkje kan japansk, er det vanskeleg å skjøna stort meir enn namna på dei bibelske personane. Men salmetonane er kjende nesten alle saman. To av dei er melodiane til «Navnet Jesus» og «Hellig, hellig, hellig». Dei er ei påminning om at det er mange kyrkjelydar i Japan som er planta gjennom arbeidet til norske misjonærar.
Furukawa har gjennom eit langt yrkesliv budd og arbeidd som misjonær for Det Norske Misjonsselskap i Japan. Melandbuen er no pensjonist. Men mest i namnet. For tida er ho på eit fleire månader langt opphald i teneste for kyrkja i Japan. Denne søndagen gjestar ho altså Myodani. Også etter japansk målestokk er dette ein liten kyrkjelyd, men dei har eit fint kyrkjebygg, som vart reist i 1978.

Arve Kjell Uthaug, 23.09.18

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Meland kyrkjelyd

Kontoradresse:
Havnevegen 31
5918 Frekhaug

Kontonr: 3632 07 04019

Vipps: Meland kyrkje - offer: 54016

Gåve til Kontakt (kyrkjeblad): 59301

Postadresse:
Boks 117
5906 Frekhaug

Org.nr: 976 995 406

Trefftid:
Mandag: 12.00-15.00
Onsdag: 12.00-15.00
Fredag: 12.00-15.00

Telefon: 56 17 14 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"