Samtalegudsteneste og konfirmantweekend i vente

No er sommaren snart her, og det er ikkje lenge igjen til konfirmantweekenden som skal vera på Fjell-Ly på Sotra 16.-18. juni. Før den er det samtalegudsteneste.

Samtalegudsteneste

Konfirmantane skal førebu ei gudsteneste vi kallar Samtalegudsteneste. Denne skal vera 11.juni kl. 11.00 i Meland kyrkje. Her vil foreldre, fadrar og resten av kyrkjelyden få eit lite innblikk i kva konfirmantane har lært dette året. Dersom konfirmanten ikkje har høve til å kome denne datoen må de gje melding til kyrkjekontoret om det. Vi ønskjer å ha ein ekstra flott kyrkjekaffi denne dagen. Derfor bed vi dei foreldra som har høve til det ta med enten ei platekake, bollar eller liknande (det må vera noko som kan etast utan skei).

Konfirmantweekend

Vi som er leiarar gler oss veldig til å møte dykk og få bruke tid ilag på leiren! Tilbakemeldingane frå tidlegare kull har vore at leiren er ei minnerik og flott oppleving for mange. De kan lese om leirstaden på www.fjell-ly.no   

Litt praktisk informasjon

På leiren må de ha med:

  • Konfirmantbibelen, Kristuskransen og skrivesaker
  • Sengeklede (kan leigast på Fjell-Ly for kr.100,-)
  • Innesko, evt. badetøy, turtøy, gymtøy (ta med det du vil bruke i fritida)
  • Anna de treng for å vera vekke ei helg (toalettsaker, handduk osb.)
  • Snop til felles snopekoldtbord på laurdagskvelden (alle tek med så mykje dei vil ha sjølv)

16. juni kl 17:15: Oppmøte på bussplassen ved Frekhaug senter for avreise

18. juni kl 13:30: Vi kjem att til bussplassen ved Frekhaug senter (Omtrentleg tidspunkt)

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Meland kyrkjelyd

Kontoradresse:
Havnevegen 31
5918 Frekhaug

Kontonr: 3632 07 04019

Vipps: Meland kyrkje - offer: 54016

Gåve til Kontakt (kyrkjeblad): 59301

Postadresse:
Boks 117
5906 Frekhaug

Org.nr: 976 995 406

Trefftid:
Mandag: 12.00-15.00
Onsdag: 12.00-15.00
Fredag: 12.00-15.00

Telefon: 56 17 14 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"