Fornya blad på veg til postkassen din

Tre kyrkjeblad i Nordhordland har gått saman om å fornya blada: "Kyrkjekontakten" for Alversund, Seim, Lygra, "Kyrkjegløtten" for Osterfjorden og Mo, og "Kontakt" for Meland. Det første nummeret blir trykt i desse dagar, og er snart på veg i postkassen din. Blada vil framleis ha sitt lokale særpreg og heite det same.

Bjørn Moe, Anne Sofie N. Uthaug og Geir Øy er glad for å kunne presentere dei nye blada.

Halve bladet er felles sider, medan utsida og resten av bladet er lokale. Dette er eit prøveprosjekt for to år, og ein satsar frisk med profesjonell redaktør og ny grafikar. Fellesredaktøren heiter Johanna Hundvin Almelid, som er journalist i Dagen. Grafikaren heiter Lisa Landvik. I Meland har det kome nye frivillige folk i redaksjonen: Maria Sæle og Steinar Dale Wessman.  Det første nummeret inneheld intervju med Bjørg og Idar Simonsen, kakeoppskrift til påske, ein for mange velkjent "benkeslitar" og mykje anna fint stoff i tillegg til det som alltid fins i kyrkjeblada. Gled deg! 

I Meland har vi også bytta distributør av bladet, og vi håpar det går fint. Skulle du ikkje ha fått bladet innan påske, ta kontakt med kyrkjekontoret, så vi får melde tilbake til distributøren - som er svært innstilt på at alle skal få det til sin postkasse. 

Ta gjerne kontakt med Anne Sofie om du har andre tilbakemeldingar om bladet!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Meland kyrkjelyd

Kontoradresse:
Havnevegen 31
5918 Frekhaug

Kontonr: 3632 07 04019

Vipps: Meland kyrkje - offer: 54016

Gåve til Kontakt (kyrkjeblad): 59301

Postadresse:
Boks 117
5906 Frekhaug

Org.nr: 976 995 406

Trefftid:
Mandag: 12.00-15.00
Onsdag: 12.00-15.00
Fredag: 12.00-15.00

Telefon: 56 17 14 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"