Mellom kyrkja og himmelen

Du kan koma nærare himmelen enn det du er i Melandkyrkja, og no er vegen dit til og med skilta. Dei to toppane Nordnipo og Sørnipo ligg like bak kyrkja og er eit fint turmål.

Nordnipo vart skiltmerka ein småsur laurdag tidleg i november 2018. Veret er likevel ikkje noko stort problem når ein har godt turfølgje, som Kåre Skibenes (t.v.) og Arnt Brakstad (foto: Arve Kjell Uthaug).

Stien opp dit er ikkje av dei mest trafikkerte. Kanskje har heller ikkje så mange visst om denne turvegen. Men no er løypa skilta. Frivillige frå kyrkjelyden har hamra ned staurar og bora fast skilt, slik at vegen skal vera lett å finna. Skiltprosjektet i Meland går stadig framover.

Skiltinga startar allereie attmed Melandkyrkja. Deretter går ferda eit lite stykke langs grusveg inn mot Bjørnestad. Så går turen langs sti, og først gjennom eit par grinder. Den som har auga for slikt, vil leggja merke til bekken som renn sjølvtrygg fram under ei flott steinbru. Vidare går stien gjennom lauvskogen før du endar opp Moldekleivskaret, i ei tett klynge av granskog. 

Vegkrysset

Moldekleivskaret – ein stad få har høyrt om - er blitt eit viktig turkryss. Herifrå går den eine stien tilbake til Melandkyrkja, den andre opp til Krossfjellet og den tredje ned til Moldekleiv. Den fjerde går altså oppover gjennom granskogen til dei to nipene bak Melandkyrkja. Skiltinga peikar retninga vidare frå Moldekleivskaret. Heldigvis har nokon knytt små plastremser langs løypa, slik at ein ikkje går seg vill når stien nesten forsvinn på den nåledekte skogbotnen. 

Etter kvart kjem ein opp over granplantinga. Kulturminna langs vegen er kanskje smålåtne, men dei hintar til ting større enn seg sjølve: Den vesle hølen i myra minner om torvtakinga som ein gong gav brensle og varme til dei små husa i bygdene her ute. Den tette granskogen nedover liene er det nokon som har planta. Ein og annan av pensjonistane på gardane rundt dette høgdedraget kan fortelja om den gongen dei som små var med på denne plantinga.

Utsyn frå Melandsnipo

På toppen har det no kome opp eit skilt som fortel at du er på "Nordnipa". Det manglar eit skilt som peikar bort til toppen like bortanfor: Sørnipo, eller Melandsnipo, har det flottaste utsynet - mot Melandkyrkja, Dale og over Salhusfjorden mot Åsane-sida og Bergen. Unn deg avstikkaren bort til Sørnipo når du først er der oppe. Så kan ein sjølvsagt snu etterpå og gå ned att same vegen. Eller ein kan gå ned til Melandskaret, gjera det til ein rundtur og gå siste biten langs asfaltert veg tilbake til kyrkja på Meland.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Meland kyrkjelyd

Kontoradresse:
Havnevegen 31
5918 Frekhaug

Kontonr: 3632 07 04019

Vipps: Meland kyrkje - offer: 54016

Gåve til Kontakt (kyrkjeblad): 59301

Postadresse:
Boks 117
5906 Frekhaug

Org.nr: 976 995 406

Trefftid:
Mandag: 12.00-15.00
Onsdag: 12.00-15.00
Fredag: 12.00-15.00

Telefon: 56 17 14 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"