Takk for 15 fine år med Octavia!

Meland kyrkjelyd sitt jentekor – Octavia – er no desverre lagt ned etter 15 år.

Takk for 15 fine år med Octavia!

Heilt frå starten i 2003 var dei aktive på gudstenester og gav løft til samlingane med sin vakre song. Dirigent for koret har vore Eirin Beate Åserud-Løvlid, ein målmedviten og inspirerande instruktør som først og fremst har lagt vekt på den varme og reine klangen.

Saman med organistane og andre akkompagnatørar har koret også medverka på talrike konsertar både heime og ute. Lucia-konserten i Mariakirken på morgonkvisten vart tidleg ein tradisjon, der foreldre og andre Melandbuarar gjerne stilte opp. Støttegruppa av foreldre har utan tvil vore sterkt medverkande til å få gjennomført det breie og tette programmet som dirigenten og korjentene har lagt opp til, ikkje minst dei mange utanlandsturane, til Italia, England og Estland, og jamvel til Paris.

Etter kvart kom det også i stand eit samarbeid mellom Octavia og Bergen Domkirkes Jentekor der Eirin også var dirigent, og slik kunne framføringar av større verk realiserast. Eit døme på det er Folketonesuiten «Vinden er stille, Halleluja!» av Henning Sommerro, framført ved Meland kyrkje sitt 150 års jubileum i 2016.

Dei siste åra har rekruttering både av songarar og foreldre som støttar arbeidet vorte ei for stor utfordring for koret og konklusjonen vart å legge koret ned. Men 15 gode år er ikkje lite å vere takksam for!

 Det er på sin plass å takka dirigenten Eirin Beate Åserud-Løvlid for den store innsatsen gjennom desse 15 åra. Ho har opna udøyelege song- og musikkskattar til ei heil rekkje med barn og ungdommar, verdiar dei kan ta med seg vidare i andre samanhengar og som vaksne. Stor takk, og lukke til vidare i arbeidet i Domkirken, Eirin!

 Meland kyrkjelyd

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Meland kyrkjelyd

Kontoradresse:
Havnevegen 31
5918 Frekhaug

Kontonr: 3632 07 04019

Vipps: Meland kyrkje - offer: 54016

Gåve til Kontakt (kyrkjeblad): 59301

Postadresse:
Boks 117
5906 Frekhaug

Org.nr: 976 995 406

Trefftid:
Mandag: 12.00-15.00
Onsdag: 12.00-15.00
Fredag: 12.00-15.00

Telefon: 56 17 14 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"