Trusspråkkurs

Kva er grunnen til at Anders kan stå med løfta hender i lovsong fleire timar, medan Oda ser på klokka etter første song? Kvifor kjenner Sander på ein indre fred og glede kvar gong han går inn i kyrkjerommet, medan Vilde kjenner på det same når gudstenesta er over og ho endeleg kan gå på fjelltur? Saman med Alversund kyrkjelyd inviterer vi til Trusspråkkurs 10.-11. mars. Der kan du læra meir om korleis Gud kommuniserer med oss på mange ulike måtar.

Trusspråkkurs

På kurset vert det undervisning i kva trusspråk er, du får hjelp til å finna trusspråket ditt og til å sjå dette i ein større samanheng.

Litt om trusspråk

Gud kommuniserer med oss på mange ulike måtar. Han talar til oss gjennom naturen, gjennom bilete, kunst og musikk, gjennom Bibelen og det talte ordet, gjennom kyrkjelyden og den personlege erfaringa, gjennom det rasjonelle og det fornuftige, gjennom det stille og det kjenslemessige sterke…

Ulike ord prøver å uttrykka korleis kristne erfarer å ha best kontakt med Gud: kanalen din til Gud, stilen din, antenna di, språk, trusspråk. Trusspråket ditt er antenna di til Gud.

Praktisk informasjon og påmelding

Kurset går over to dagar i Knarvik kyrkje. Fredag 10.3. kl. 18.00 – 21.30 og laurdag 11. mars kl. 9.30-16.00. Enkel servering er inkludert.

Kurset kostar 500 kr som dekkjer servering, kursmateriell og undervisning. Arrangørar er Meland og Alversund kyrkjelyd i samarbeid med NaMu Norge.

Påmelding her snarast, det er framleis plassar. Spørsmål og påmelding kan også sendast til stine.saele@melandkyrkja.no

Facebook-arrangement: https://www.facebook.com/events/1344701892217774/

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Meland kyrkjelyd

Kontoradresse:
Havnevegen 31
5918 Frekhaug

Kontonr: 3632 07 04019

Vipps: Meland kyrkje - offer: 54016

Gåve til Kontakt (kyrkjeblad): 59301

Postadresse:
Boks 117
5906 Frekhaug

Org.nr: 976 995 406

Trefftid:
Mandag: 12.00-15.00
Onsdag: 12.00-15.00
Fredag: 12.00-15.00

Telefon: 56 17 14 80

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"