Diakoni og omsorg

"Det heiter ikkje: eg - no lenger. Heretter heiter det: vi. Eig du lykka, så er ho ikkje berre di. Alt det som bror din kan ta imot av lykka di, må du gi."

Diktet "Tung tids tale" av Halldis Moren Vesaas seier mykje om kva diakoni handlar om. Det handlar om at kyrkja er eit fellesskap der vi både deler lukke og ber børene for kvarandre. Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste.

Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd. Slik er Den norske kyrkja sin definisjon på diakoni. I Meland kyrkjelyd er det meste diakonale arbeidet frivillig arbeid. Og mykje skjer på Møteplassen, lokalet vårt på Frekhaug torg, rett ved biblioteket og kyrkjekontoret.

Sitat

Jesus seier: "For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg til meg; eg var i fengsel, og de vitja meg."

Matt 25,35-36