Vi har for tida 5 gudstenestelag med omlag 6-10 medlemer. I tillegg har vi tenester som forsongar, solistar og musikar som er med i samspel med kyrkjemusikar.
Gudstenestelaget har ulike oppgåver som blir fordelte i samråd med presteen og ein lagleiar, til dømes å lese bøner, bibeltekstar, vere kyrkjevert, dåpsvert og lage kyrkjekaffe. Nokre er og med og deler ut nattverd.
Vil du vere med i eit gudstenestelag? Kontakt kyrkjekontoret, så kan vi fortelje meir og formidle kontakt med eit av laga.
Vil du bidra med solosong eller musikk? Snakk med kyrkjemusikaren.
Dersom du vil vere med som forsongar kan du møte opp 10:15 når organisten speler gjennom salmane, og vere med å "løfte" songen - anten frå galleriet eller nede frå kyrkjebenken.