I ei husgruppe vil vi at du skal oppleve at du er nær Gud og nær menneske. Visjonen til Meland kyrkjelyd er nettopp dette – «Nær Gud – nær menneske».
Nær Gud handlar om at han er sentrum i den kristne trua og når gruppa møtes. Vi set fokus på han og ser livet og trua i ein større samanheng gjennom Bibelen, bøn, lovsong, samtalar og ved å bli kjent med kvarandre.
Nær menneske handlar om å gå ein veg saman. Du får kome som du er med det du har av historie, tru, tvil, spørsmål og tankar. Du møter andre som kjem med sine liv, og saman er vi del av eit fellesskap som ser kvarandre. Vi vert oppmuntra og utrusta til å følgje Jesus som hans læresveinar og til å finne den enkeltes plass i kyrkja. Vi ser livet og tenesta i samband med den store misjonsbefalinga; «Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar…» (Matt. 28,19).
Felles for gruppene er at dei er livsnære fellesskap som samlast rundt Bibel, samtale, bøn og kanskje eit lite måltid. Tidspunkt, hyppighet, opplegg og samansetning av alder/kjønn/livssituasjon i gruppene varierer. Gruppene har mellom 6 og 12 medlemmar. Vi ønsker at gruppene skal vekse ved at nye kjem til, og delast for å få plass til fleire der det er naturleg. Vi ønsker òg å starte nye grupper.
Ta kontakt med kyrkjekontoret/sokneprest dersom du ønsker å vere med i ei husgruppe eller om du vil ha meir informasjon.