Gangen i seremonien
Gravferda startar med preludium (inngangsmusikk), salme, nokre innleiande ord og ei bøn. Etter det framfører presten eller ein representant for dei pårørande minneord. I begge tilfelle vil det vere naturleg å kombinere informasjonen om den avdøde med forteljingar om kva den avdøde har hatt å seie for dei som stod han/ho nær. Etter minneorda er det også høve for andre korte helsingar, kransepålegging, opplesing og lystenning.
Etter minneorda er det gjerne ein salme eller eit musikkinnslag før presten eller den som står for gravferda les frå Bibelen og held ein kort tale ut frå skriftordet. Det blir så bedt ei bøn før alle ber Herrens bøn saman.
Før postludiet (utgangsmusikken) kan det vere eit musikkinnslag eller ein salme. Ved gravferder og ved sørgjehøgtider andre stader enn i krematoriet, blir kista boren ut under postludiet. Det er vanleg at representantar for den nærmaste familien eller vener av avdøde er med og ber kista.
Ved kistegravferd er det også skriftlesing ved grava før presten ber ei bøn og kista blir senka. Så følgjer jordpåkastinga. Deretter les presten eit ord frå Bibelen før han eller ho les velsigninga og alle syng ein salme. Ved bisettelse for kremasjon kan jordpåkastinga skje i kyrkja/kapellet. I krematoriet har ein nedsenking etter siste salmen, deretter følgjer jordpåkasting, skriftord, velsigning og salme.
Kortversjon:
Klokkeringing
Preludium/Solistinnslag
Salme
Inngangsord og bønn
Minnetale
[Salme eller musikkinnslag]
Skriftlesning
Salme
Kort preken
Bønn
Salme
Postludium og utgang
Det kan være mulig å justere på oppsettet, ta da opp dette med prest eller begravelsesbyrå.
Sang og musikk
Organisten kan spille meditasjonsmusikk før gravferden innledes med klokkeringing. Dette må avtales med organist og betales for.
Hvis man ønsker ekstra sang eller musikk, må pårørende selv gjøre avtale med sanger evt. at begravelsesbyrået skaffer sanger/musiker. Begravelsesbyråene har ofte flere aktuelle solister å foreslå. Organisten må orienteres på tidligst mulig tidspunkt, og kan også være behjelpelig med råd. Det er mye fin musikk og mange fine salmer som høver seg godt som solistinnslag eller instrumentalmusikk i en gravferd. Organist og prest skal godkjenne all sang og musikk som brukes.
Ved bisettelse skal det velges 3 salmer (evt. 4 hvis det ønskes en salme etter minnetalen). Ved begravelse skal det velges 4 salmer (evt. 5 hvis det ønskes en salme etter minnetalen), 3 (4) salmer synges inne, og 1 salme synges ute ved grava.
Her er flere forslag til salmer som kan benyttes i gravferd
Retning for sorga
Gravferda er viktig for eit reelt kjenslemessig avskil med den døde. Saman med ei båreandakt og eventuelt det å stelle den døde, kan gravferda gi sørgjetida ein god start. Gravferda kan gi sorga ei retning kan omdanne sorga til ein ressurs i livet til den einskilde. Minneord, kransepålegging, lystenning, skriftlesing og bøner gir dei som er med, høve til å markere gravferda som ei viktig hending i familien og venekrinsen.