Kart over gravplassen
I Orkdal kirke er det tillatt å slippe inn 410 personer. På gulvnivå er det 350 sitteplasser. Ved arrangement med høyere antall enn 350 må sidegalleriene tas i bruk. Der er det egne rømningsveier som krever dokumentert opplæring. For spørsmål rundt dette, ta kontakt med Orkland kirkekontor.
Trekyrkja
Både Håkon den gode, Olav Trygvason og Olav den heilage møtte motstand da dei ville innføre kristentrua i Trøndelag for 1000 år sia. Slik var det også i Orkdal. Men da bondehæren fylka seg mot kongshæren på garden Grøtte i år 1016 kom det til forhandlingar som enda med at orkdalingane gav seg inn under rikskongen og godtok Kvitekrist som sin åndelege leiar - iallfall i det ytre.
Ein reknar med at det vart reist ei trekyrkje på Grøtte etter dette. Dette var einaste kyrkja mellom Oppdal i sør og Trondheim i nord. Ei av kyrkjeklokkene som framleis er i bruk er frå 1100-talet.
Gammelkirka
På midten av 1100-talet vart det bygd ei kyrkje i kleberstein istadenfor trekyrkja. Kyrkja var solid bygd. Veggane hadde dobbel mur. Mellomrommet var fylt av stein lagt i kalk og mørtel.
Koret låg eit par steg høgre enn skipet og var skilt frå skipet med ein korvegg med ein smal korboge ut mot skipet. På kvar side av koropningen var det to alter til i kjerka - plasserte i spissboga alternisjar vende mot skipet.
Ca. 1650 vart denne påbygd på nordsida for å gje plass til folk frå Orkanger. ”Ørkjerka” vart påbygget kalla. Der var det frie plassar i motsetning til dei faste gardsplassane i hovudskipet.
Mellomalderkyrkja hadde mykje fint inventar. Altertavla og preikestolen er oppbevarte ved Vitenskapsmuseet i Trondheim. Nattverdkalken og disken frå 1614, oblateska frå 1761 og to lysestakar er framleis i bruk. Den gamle kyrkjeklokka og døypefatet gjer også teneste framleis.
Kronologi:
Ca 1160 Steinkjerka reises
1625 Koropningen vart utvida
1635/40 Kjerka får altertavle
1649 Preiekestol
1650 Eit sideskip reises på nordveggen
Det fekk namnet Ørkjerka
1657 Kjerka vart "kalkslått"
Benker blir laga
Vindauge vert gjort større.
1725 Kongen sel kjerka
1790 Bøndene kjøper kjerka attende
1837 Heradstyret fekk ansvaret
for kjerka
Nykyrkja
Etter at mellomalder-kyrkja var riven, bygde ein ei ny og større kyrkje av kleberstein som stod ferdig i 1893. Mesteparten av steinen kom frå Munklia i Orkdal. Arkitekt var Bergstrøm. Han heldt seg strengt til den nygotiske stilen.
Den nye kyrkja fekk eit breitt langskip med to korte tverrarmar noko smalare enn skipet.
I Orkdalskyrkja finn ein spissbogen mange stader i varierande storleik: i døropningar og vindu, i den dominerande korbogen, småbogane i alterringen, ramma kring alterbiletet og i orgelprospektet. Innvendes verkar mange trekk ved den nygotiske arkitekturen til a skape ei kjensle av at kyrkjerommet løfter og tøyer seg opp mot det høge.
Utvendig lengde er 41 meter. Med sideskip og galleri er det ca. 500 sitteplassar.
Mange fagfolk reknar Orkdalskjerka for den fremste mellom dei nygotiske kyrkjene i Trøndelag.
Klokkene
I tårnet henger det to klokker. Den eldste er fra ca år 1100. Denne har påstøpt symboler, noe som er sjeldent for så gamle klokker. Firmaet "O. Olsen & søns klokkestøperi - Nauen" skriver: "En klokkes alder bestemmes i store trekk ut fra rippen =klokkens fasong, kronefasong m.m. Se vedlagte fotokopier m.m. For en som har klokkestøping som yrke og lange tradisjoner i faget er det ganske enkelt å bestemme fra hvilken tid de forskjellige klokker er. Med venlig hilsen Ole Chr. Olsen Nauen". Klokka har flere små kors, et solkors og to dobbeltkors. Ho har også en omvendt B.
Den andre (største) klokka er fra 1558. Denne klokka har innskrifta "Querite Dominum duum invenire potest Esa 55 (Søk Herren mens han fins) Ano 1558. Erlig oc velbørdig Man Christen Friis oc Frou Mette Hardenburg. Hans Laure son F" (F=fecit=laget). Klokka er med andre ord en gave til Orkdal kirke fra lensherre Christian Friis og hustru. Friis var primus motor i strevet for å få Reformatsen av 1589 (reformasjonen) endelig gjennomført i vårt bispedømme. Kilde: "Orkdalskyrkja på Grøtte i 900 år".