Jesus brydde seg om menneska. Han forkynte og han hjalp menneske. Han helbreda sjuke og han ga utstøytte ein plass i fellesskapet. Ifølge Bibelen nytta Jesus begrepet diakonos ('tenar') om seg sjølv. Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste.
Diakoni er difor evangeliet i handling. Det dreier seg om nestekjærleik, inkluderande felleskap, vern om skaparverket og kamp for rettferd. Spennet er stort frå den kvardagslege omsorgen for naboen via arbeid for klima til internasjonalt engasjement for nedkjemping av fattigdom.
Diakonien ynskjer å fremje respekt og verdigheit og vil bidra til at menneske kan leve i forsoning med seg sjølv og andre, og til å myndiggjere menneske i eiga liv. Det dreier seg om å bidra til at menneske får teke vare på rettane sine.
Dette er visjonen for den diakonale tenesta i Den norske kyrkja (henta frå Plan for diakoni):
Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, verkeleggjort gjennom liv og teneste.