Dåp

Dåp er ein heilag handling som sameinar oss med Gud og let oss ta del i dei løftene han har gjeve oss. I dåpen ynskjer vi óg nye medlemmer av kyrkjelyden velkommen.

Det er bestandig ei glede å sjå nye menneske koma til kyrkja og verte døypte, anten dei er små eller store.

Foreldre som vil døypa borna sine, er hjarteleg velkomne til å kontakta kyrkjekontoret for å gjera avtale om dåp. Dåp skjer som hovudregel i kyrkjelyden sine søndagsgudstenester, i Os kyrkje, Nore Neset kyrkje og Lyse Kloster Kapell. Les meir om dåpen og dåpsgudstenesta nedanfor.

Sitat

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Evangeliet etter Johannes, kapittel 3, vers 16