Konfirmasjon

Konfirmasjon i kyrkja handlar om å utforske kristen tru og dei store spørsmåla i livet i lag med andre.

Konfirmasjonen skjer i ei tid for refleksjon og oppleving. I laupet av konfirmasjonstida får vite meir om seg sjølve, kristendomen og Gud, og om kva trua kan tyde i kvardagen. Ordet konfirmere forklarast med "bekrefte, stadfeste, styrke" i ordboka. Konfirmasjonsopplegget er til for å stadfeste og styrke eigen tru og undring, sjølvkjensle og engasjement for andre menneske.

I Nore Neset og Os kyrkjelyder har vi konfirmasjon i slutten av april og/eller byrjinga av mai, men konfirmantane starter på sine "laup" alt ved skulestart om hausten. Vi har eit variert tilbod med temasamlingar, nettundervisning, leirar og aktivitetsgrupper. Konfirmantane er i tillegg med på Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon på våren, og deltek og bidreg på gudstenester og andre arrangement.

Sitat

Eg skjønar det ikkje heilt, men guten vår vaks plutseleg fem centimeter den dagen. Han retta ryggen og vart tryggare på seg sjølv.

(Fritt etter ein konfirmant-far)