Barn og unge

Kyrkja sitt arbeid med og for barn og unge er noko av det viktigaste vi gjer. Tilboda er opne for alle, sjølv om nokre aktivitetar krev påmelding.

"Lat småbarna koma til meg", seier Jesus. I kyrkjelyden vår vil vi gje alle - små og store, unge og gamle - høve til å undre seg over, bli kjent med og sjølv delta i den kristne trua. Barn og unge er med å forme kyrkja i møte med verda og framtida. Kyrkja skal vera eit ope rom der dei kan vera seg sjølv og kjenne glede, sorg, undring og ettertanke, leik og samhald, velsigning og nåde.

Trusopplæringa er eit mangfaldig program som følgjer barna gjennom barne- og ungdomsåra, med spissa tiltak og aktivitetar kvart år fram til konfirmasjonsalder. I tillegg har vi opne, løpande aktiviteter med låg terskel og lausare rammer, men som tilbyr "ein veg inn" for barn og unge som vil bli kjent med kyrkja. Du kan lesa om både trusopplæringstilbodet og dei øvrige aktivitetane for barn, ungdom og barnefamilier nedanfor.

Sitat

Pst! Nokre tips til andre gode tilbod for barn og unge (utanfor kyrkja sin regi) i Os:

Artikkelsnarveger