Diakoniarbeidet i Os sokn

Nestekjærleik og omtanke for andre er ein av hjørnesteinane i kyrkja, og ei av dei viktigaste oppgåvene vi har som del av samfunnet. Gjennom både trusopplæring, ulike tiltak og aktivitetar ynskjer vi i Os sokn å forandre verda til det betre, særleg for dei som treng det aller mest.

Diakoniomgrepet spenner vidt i kyrkja og mange delar av verksemda har diakonale aspekt - og det er bra! Det handlar om å ha ei bevisst haldning til våre medmenneske og verda om kring oss.

 Her i Os vert Kirkens Nødhjelp sin Fasteaksjon gjennomført siste tysdag før påske. Heile kyrkjelyden og alle konfirmantane er med i innsamlingsaksjonen. Våren 2016 vart Språkkafeen i Os til, og gav umiddelbart meirsmak, både for arrangørane og kafegjestane. Språkkafeen er ein møteplass for nye og veletablerte osingar - frå heile verda.