Gudstenesteliv

Gudstenesta er kyrkja sitt hjarteslag. Vi ynskjer å skape ein møteplass mellom Gud og menneske som er open, fokusert og variert i uttrykket.

Ein gudsteneste varar normalt fem til seks kvarter. Vi kan dele gudstenestane våre inn i fire kategoriar.

  • Gudsteneste med dåp og/eller nattverd

Det "vanlege" gudstenesta er tradisjonell i formen, men kan gjerne ha varierte innslag, til dømes presentasjon av konfirmantar eller nye tilsette i kyrkja, musikkinnslag eller liknande. 

  •  Gudsteneste med born og unge

Denne gudstenesta er noko enklare i oppbygging, og det er deltaking av born og unge på ulike måtar. På desse gudstenestene har ein til dømes utdeling av Mi Kyrkjebok til 4-åringar eller 6-åringar, innslag frå barnegrupper og liknande. 

  •  Gudsteneste med band

Om lag ein gong i månaden har vi gudsteneste med band. Denne samlinga er noko friare i formen enn dei andre gudstenestene våre. Songen og musikken er ved frivillige band med noko ulik besetning og forsongarar frå gong til gong. Her kan ein både høyre mange lovsongar av nyare dato, og velkjente salmar. Det vil oftast vera nattverd på desse gudstenestane, og dei feirast vanlegvis i Os kyrkje.

  • Dåpsgudsteneste

Om lag ein gong i månaden har vi ein kortare dåpsgudsteneste, som er særskild tilpassa dåp. Dette er ei komplett gudsteneste, men vi feirer ikkje nattverd, og har eit litt kortfatta program for å kunne invitere fleire born til dåp. NB! Det er mogleg å døype born også i dei andre gudstenestetypene! Dåpsgudstenestane startar klokka 10.00 og feirast i Os kyrkje. 

Kontaktinformasjon for Os kyrkjelege fellesråd

Kyrkjekontoret ligg i Kyrkjetunet i Os sentrum.

Besøksadresse:

Øyro 49, 5200 Os

Postadresse:

Postboks 209, 5202 Os

Fakturaadresse:

Os sokneråd

c/o Akasia Regnskap AS

Johan Berentsensvei 109

5163 Laksevåg

eller epost: faktura2@akasia.no

Telefon: 56 57 24 00  

E-post:  post@os.kyrkja.no

Telefon- og besøkstid:

måndag-fredag 09-14