Vigsel - ein fest for kjærleiken!

Ekteskapet er innstifta av Gud. Det er hans gode gåve til menneska. Så gratulerer med å ha funne og vunne kvarandre! I Os sokn har vi fire godkjente stader for gjennomføring av kyrkjeleg vigsel - Os og Nore Neset kyrkjer, klosterruinane ved Lyse Kloster og Lyse Kloster Kapell.

Guds ord vitnar om ekteskapet at det er heilagt og ukrenkjande. I Fyrste Mosebok står det: «Gud skapte mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei. Gud velsigna dei og sa til dei: 'De skal veksa og aukast, fylla jorda og leggja henne under dykk!'» - (1. Mos. 1:27-28a). I ein annan tekst frå Bibelen står det: «Om nokon vinn over den som er åleine, vil to kunna stå seg mot han. Ein tretvinna tråd slitnar ikkje så snart» (Fork. 4:12). Her er Gud sjølv den tredje snora i tråden. Difor er eit samliv levd i Guds gode ordning, ekteskapet, eit vern og ei hjelp både i gode og vonde dagar.

Samlivet er for oss alle ei djupt personleg sak. Likevel er det ikkje berre ei privatsak. Mange er redde for å forplikte seg, andre vel ei form for forplikting utanom det offentleg, juridisk bindande. Ekteskapet er den samlivsforma Gud velsignar. Å ta steget fullt ut og seie ja for livet i nærver av vitne og for Guds ansikt, gjev den gode livslange tryggleiken og vert eit ankerfeste i ulike omskiftingar. Jesus seier om ekteskapet i Bibelen: «Mannen skal skiljast frå far sin og mor si og halde seg til kona si, og dei to skal vere eitt» (Matt.19:5). Klikk deg vidare nedanfor for å lesa meir, og ta kontakt med oss på kyrkjekontoret om du treng råd og vegleiing. Hjarteleg velkommen til feiring av vigsel i Os!