Gravferds-/ og kyrkjegardsforvaltning, gravstell

Øygarden kyrkjelege fellesråd er gravferdsmyndigheit og forvaltar også kyrkjegardane i Øygarden

FORVALTNING

Forvaltaransvaret etter Lov om gravplasser, kremasjon og gravferd (gravferdsloven) er tillagt kyrkjeleg fellesråd og vert til dagleg forvalta av kyrkjeverja i Øygarden. Dette omfattar tidspunkt for gravferd, godkjenning av uttak av grav og vedlikehald og tilsyn med kyrkjegardane. 

KYRKJEGARDSVEDTEKTER

Det er utarbeida vedtekter for kyrkjegardane i Øygarden. Vedtektene må du som festar kjenna til. Vedtektene finn du nede i denne artikkelen.

RYDDING PÅ EI GRAV ETTER GRAVFERD

Det er pårørande som sjølv er ansvarleg for å rydda bort blomar og kransar etter gravferda. 

GRAVSTELL

Det er mogeleg for festar av ei grav å inngå avtale om stell av graver. Informasjon om dette finn du nede i denne artikkelen ved å lesa Avtale om gravstell på kyrkjegardane i Øygarden og Følgebrev til gravstellsavtale. 

Ta kontakt med oss om du ønskjer avtale om gravstell, enten på telefon 56382240 eller e-post: kontor@kyrkja.net

___________________________________________________________________________________________

Her er eit utdrag av Gravferdsloven:

§ 3.Kirkelig fellesråds og kommunens ansvar.

Kirkelig fellesråd har ansvaret for at gravplasser og bygninger på gravplasser forvaltes med orden og verdighet og i samsvar med gjeldende bestemmelser.

Utgifter til anlegg, drift og forvaltning av gravplasser utredes av kommunen etter budsjettforslag fra fellesrådet.

0

Endret ved lov 26 aug 2011 nr. 40 (ikr. 1 jan 2012 iflg. res. 26 aug 2011 nr. 866).

Kontaktinformasjon for Den norske kyrkja i Øygarden

Postadresse

Postboks 144, 5331 Rong

 

Besøksadresse

Kyrkjekontoret, Rong senter, Nygardsvegen 2,

5337 Rong

Kyrkjekontoret - Rong senter Ekspedisjonstid

Måndag-fredag kl. 09.00-15.00  

Telefon sentralbord: 56382240  

E-post: post.oygarden@kyrkja.no