Dåp i Øygarden

Ta kontakt med kyrkjekontoret telefon 56382240 eller e-post: post.oygarden@kyrkja.no for å avtale dåp og dåpssamtale med presten i god tid før ønskt dåpsdag.

Dåpen er ein av dei store dagene i familien. Dåpsdagen er ei markering og feiring av barnet som er født. Men den er noko meir. Dåp er eitt av kyrkja sine to sakrament. Det er ei heilag handling kyrkja utfører på oppdrag frå Jesus.

Dåp er ein god tradisjon med røter nesten to tusen år tilbake. Ved dåpen vert me Guds barn og medlem av kyrkja. Dåpsdagen er ein merkedag i livet.

I Den norske kyrkja vert dei fleste døypt når dei er mellom 2-6 månadar gamle, men det er ingen aldersgrense for dåp.