Øygarden kyrkjelege fellesråd er offentleg gravferdsmyndigheit og har ansvaret for gravlegging av alle innbyggjarane i kommunen uavhengig av trus- eller livssynstilhøyrsle.
Det er kyrkjeverje (etter delegasjon frå fellesrådet) som godkjenner gravferdstidspunkt i samsvar med lov og forskrift. Kyrkjeverje godkjenner også plassering av grav på kyrkjegarden. Normalt går kommunikasjonen mellom pårørande og kyrkjekontoret via eit gravferdsbyrå. Kyrkjekontoret kan gi råd og rettleiing til pårørande som ønskjer det.
Båreandakt er det ikkje sjølvsagt at presten skal ta. Det må avtalast særskilt.